| Skulebibliotek
Plan for
skulebibliotek
Skulebiblioteket og bruken av det er fyrst og fremst skulen sitt
ansvar. Bibliotekaren kjem inn som ein fagleg ressursperson når det gjeld
bruk av biblioteket og formidling av litteratur.Undersøkingar og vurdering av lesekampanjar viser at det er avgjerande
at skulebiblioteket vert godt integrert i skulen sine planar om det skal
vera med å fremja lesedugleiken hjå elevane.
Samarbeid mellom lærarar og
skulebibliotekar:
Skulebibliotekaren bør delta på møte med lærarane minst to
gonger i året. Skulane skal vidare leggja til rette slik at lærarane
får informasjon om bruk av biblioteket og orientering om nye bøker,
gjerne på planmøte vår og haust. Skulane bør markera "Verdas
bokdag " 23.april, gjerne i samarbeid med folkebiblioteket. Heradet
skal leggja til rette for kompetanseheving for lærarar og
skule-bibliotekarar når de gjeld lesing, litteraturformidling og drift av
skulebibliotek.
Skulebibliotekaren har det daglege ansvaret for innkjøp av bøker,
reistrering og katalogisering, klargjering av bøker og eit system som
gjer det enkelt å halda orden i biblioteket. Skulebiblioteka organiserer
utlånet på den måten som passar best for den einskilde skule. Skulane
kan låna depot med bøker frå folkebiblioteka
Samarbeid med foreldre:
Skulebibliotekaren skal delta på eit foreldremøte for elevar i
småskulen kvart år for å orientera om biblioteket og formidla nyare
norsk barnelitteratur.
Barneskulen:
1. - 3.trinn
- Bokorienteringar på den måten som passar best på det aktuelle
klassesteget.
- Læra kvar dei ulike typar bøker står i biblioteket
- Læra korleis me låner ut og leverer inn bøker
- Foreldremøte om lesing
- Besøk på folkebiblioteket ein gong i løpet av småskulen.
4.- 7.trinn
- Opplæring i bruk av biblioteket
- Elevmedverknad når det gjeld utlån
- Bokorientering, gjerne i samband med
leseprosjekt
- Læra å søkja i katalogen for å
finna bøker i biblioteket
- Læra å bruka elektroniske ressursar
i biblioteket
- Forfattarbesøk
- Besøk på folkebiblioteket ein gong i
løpet av skuletida på mellomtrinnet
Ungdomsskulen
- Opplæring i bruk av biblioteket med
særleg vekt på faglitteratur
- Elevmedverknad når det gjeld utlån
og i medieval til skulebiblioteket
- Minst ei bokorientering i løpet av
året
- Delta i aksjon txt
- Læra å søkja i katalogen for å
finna bøker i skulebiblioteket og andre bibliotek
- Læra å bruka elektroniske ressursar
i biblioteket
- Besøk på folkebiblioteket
Skulebibliotekarane og skulen skal i
samarbeid arbeida desse tiltaka inn i verksemd/årsplanane sine, slik at
ein sikrar at elevane får eit godt tilbod.
|