Leselysta
Leselysta er eit samarbeid mellom
biblioteket på Nå og "Opp med Vikebygd" Kvar haust vert det
plukka ut nokre bøker som medlemene skal lesa og seia si meining om. Til
våren vert vinnaren kåra og invitert til Nå for å ta i mot prisen.
Forfattar
2010 i Vikebygdkrinsen vartRoy Jacobsen med boka "Vidunderbarn!"

På ein god andreplass kom
Britt Karin Larsen med sin roman: "Det vokser et tre i Mustamagg"
Marit Eikemo sin roman "Arbeid pågår" kom på tredjeplass. På
delt fjerdeplass kom Mari Osmundsen og Ingvar
Ambjørnsen med sine romanar: "Selmas vår" og " Opp
Oridongo".Gert Nygaardshaug med "Klokkemakeren" vart nr. 6.
16 personar var med i Leselysta
denne vinteren. Det er plass til fleire!!
Har du tankar / ynskje om
bøker utkomne 2010 du vil ha med, tek vi gjerne imot tips.
So long Marianne på
topp i 2009
16. juni hadde Leselysta på Nå
avslutning der dei kåra Forfattar 2008 i Vikebygdkrinsen.
17 personar har vore med denne vinteren,
og dei fleste var og med på møtet. Resultatet vart:
1. Kari Hesthamar si bok: "So long,
Marianne." fekk flest poeng og er vinnar !
2. Selma Lønning Aarø: "Venstre
hånd over høyre skulder."
3. Øyvind H. Solheim:
"Fabrikken."
4. Per Pettersen: " Jeg forbanner
tidens elv."
5. Thorvald Steen: "Det lengste
svevet."
Kari Hesthamar er tilskriven og vi vonar
på besøk av henne på biblioteket eingong til hausten.
Leselysta 2008 er i
gang Ivrige
lesarar på Nå er i gang med ny leselyst. Det ryktast at det i år også
er ein mannleg deltakar i dette spanande prosjektet. Desse
bøkene er med i konkurransen om å bli årets bok:
Kari Hesthamar:So long, Marianne
Tove Nilsen:Vingetyven
Selma Lønning Aarø:Venste hånd over
høyre skulder
Thorvald Steen:Det lengste svevet
Levi Henriksen:Like østenfor regnet
Marianne Mjåland:13, uke
Marianne Fastvold:Kjærlighet for
viderekomne.
Øyvind H. Solheim:Fabrikken
Per Petterson:Jeg forbanner tidens elv
Henrik Langeland -
årets forfattar 2007

Henrik Langeland si bok Francis Meyers
lidenskap er kåra til årets beste bok av dei leselystne i
Vikebygdkrinsen.
Anne Karin Elstad -
årets forfattar 2006
Anne Karin Elstad og boka
"Hjem" gjekk til topps i kåringa av dei beste bøkene i 2006.

Anne B på topp igjen!

"Eremittkrepsene"
av Anne B Ragde stakk av med sigeren som årets bok i Vikebygdkrinsen i
2006.Det er såleis andre år på rad Anne B Ragde vinn den gjeve prisen.
Sidan ho vitja biblioteket på Nå i fjor i samband med at "Berlinerpoplene"
vann, tek ikkje juryen sikte på å invitera ho i år, men satsar på ein
av dei andre forfattarane på lista.09.08.2006
.
"Berlinerpoplene" av Anne
B Ragde vart kåra til årets bok i Vikebygdkrinsen i 2005.
Prisen
vart utdelt på eit litterært festmøte på biblioteket på Nå
22.september.Forfattaren kvitterte for utmerkinga med å fortelja om
korleis ho arbeidde med bøkene sine. I innlegget snakka ho også om den nære
tilknytinga ho har til Hardanger, spesielt Odda og Ullensvang.
I 2004 var det Berit
Vatne Vik som vann prisen for beste bok med "Dagen om
natta".
Ynskjer du å vera med på kåringa av årets
bok i 2007? Kontakt Nå
Bibliotek
|