|
God sommar!
Bibliotekklubb
Likar du å teikna ? lesa? spela
spel? Me har tenkt å starta ein klubb på biblioteket der du kan
driva med litt forskjellig. Klubben er for alle over 10 år og
møtest rett etter skulen annan kvar onsdag. Viss det blir mange
interesserte lagar me to klubbar - delt etter alder eller interesse.
Svein Nyhus
 |
Svein Nyhus
var på besøk på Kinsarvik og Sekse skule sist veke. Han
teikna, fortalde og las frå boka Ingen.
Du kan sjå fleire bilete av
han i Svein
Nyhus Galleri
|
Vår og sommar
Marit Ihle har skrive ei artig bok
om å reisa på ferie til Oslo. Det er ikkje berre det at jenta me
møter her har høgdeskrekk, og må opp på det høgaste huset i byen
for å gå på kafe, det er også det at ho har ein far med
pipestilkbein, som absolutt skal gå i shorts!! Det går an å bli
flau av mindre - i alle fall for ho.
"Nesten i himmelen"
heiter boka og du får ho på biblioteket eller skulebiblioteket.12.05.2009

Tur til Danmark
Eg har vore på tur til Ålborg i
Danmark og sett eit fantastisk fint barnebibliotek. Der har dei ein
heil vegg med manga, du kan spela fotballspel, dataspel, x-box,
Wii, Playstation og sjølvsagt lesa og låna bøker, film og
lydbøker. Dei hadde også mange klubbar i biblioteket: leseklubb,
mangaklubb og leksekafe.
Ta ein tur innom viss de skal til
Danmark på ferie. Det ligg midt i byen.
Inger 12.05.2009
Det store påskeegget
Alle
barn som kjem på biblioteket i Kinsarvik før påske, blir med i
trekninga av det store påskeegget. Du kan skriva deg på frå
laurdag 27.mars.
Bokmeldingar
frå 7.trinn , Kinsarvik skule.
Bokmeldingane er
lagt ut på bibliotekbloggen
12.12.2008
Halloween i
biblioteket
 |
Denne
og andre skumle typer var å sjå på biblioteket i Kinsarvik
onsdag kveld. Spøkelsesrommet var det absolutt mest
skremmande. 60 blodige vafllar gjekk unna i ein fei i kafeen,
det var hyl og skrik og mykje moro. Me lånte også ut mange
bøker og filmar. Takk til alle som hjalp til. |
Halloween i
biblioteket - vil du vera med?
Har du lyst å vera
med å laga utstilling, spøkelsesrom, vaflar og heksedrikk så sei
i frå til Inger eller send ei melding til tlf.94816202

"Halloween" kjem frå ein
gamal keltisk tradisjon, ei høgtid som heiter Samhain, dette var
tida då keltarane feira nyttår og at sommaren var slutt. Denne
natta trudde dei at grensene mellom åndeverda og vår eiga verd var
svake, spøkelse og ånder kunne dermed koma inn i vår verd. I
denne høgtida kledde keltarane seg i kostymer, vanlegvis i
dyrehovud og -skinn, det er truleg her tradisjonen med å kle seg ut
kjem frå.
Viss du vil vita meir om halloween og bakgrunnen for det så les her
Reidar Kjelsen og
Arne Svingen var her
Det var superdupert
forfattarbesøk i år! Eg var heldig og fekk autograf av Reidar
Kjelsen - på armen. Håpar desse besøka gjer at de får lyst til
å lesa og teikna meir.
Forfattarbesøk
9.oktober
 |
 |
Reidar
Kjelsen kjem på besøk til Opedal skule og Kinsarvik
skule torsdag den 9.oktober.
Vikebygd skule får besøk av
Arne Svingen denne
dagen. |
Reidar Kjelsen er både
illustratør og forfattar, han har laga fantasifulle
illustrasjonar og mange tullete bøker. Han er kanskje best kjend
som han som har teikna Otto Monster. I år kjem han med boka "Prinsessen
som skulle til seters for å gjøre seg fet".Du kan lesa meir
om Reidar på nettsida hans: http://www.svinepelsen.no/
Dersom de som er lærarar vil vita
meir om Reidar Kjelsen kan de lesa om bøkene hans på http://www.barnebokkritikk.no
Me kan vel seia det slik at det er mange tema
å diskutera både før og etter de får Kjelsen på besøk. Seinare
i haust vil Sekse og Vines få besøk av han på bokbåten.
Arne
Svingen skriv bøker både for born, ungdom og vaksne. Han kan vera
både morosam, alvorleg og uhyggjeleg. Han har mellom anna skrive
bøkene om Hubert ( de hugsar vel Flekken?) og bøker i serien
Marg og Bein. I haust kjem han med Adrians atlas, ei bok om ein gut
som vaknar og oppdagar at både foreldra og systera er borte. Han
reiser ut for å leita etter dei, noko som fører han ut i Europa og
heilt til Afrika.
Nye filmar,
bøker og lydbøker
På biblioteket har me no nye
bøker, filmar og lydbøker. 13.08.2008
Donald
og Norsk barneblad
Biblioteket i Kinsarvik har begynt
å abonnera på Donald. No finn du ferske blad kvar veke i tillegg
til alle dei gamle. Donald har sjølvsagt også sine eigne
heimesider Me har også mange andre teikneseriar og
Norsk
Barneblad. Du kan ikkje låna det nyaste nummeret av eit blad, men
alle andre kan du låna med deg heim.
25.04.2008
Boktips
 |
Bibliotekbloggen passar for born og
ungdom frå 10år og oppover. Sjekk bloggen
for å få gode lesetips. Boktips kan de også få hjå Tunkatten. Hjå
Tunkatten
kan de også høyra lydbøker.13.08.2008 |
|