|
Haust
Ferien er over - biblioteka har no
vanlege opningstider.
Nye nettsider
Me arbeider med å laga nye
nettsider saman med dei andre biblioteka i Hardanger, det er planen
at desse skal lanserast i oktober.
Leselysta
Roy Jacobsen vart årets forfattar
i Vikebygdkrinsen med boka Vidunderbarn. Les meir om Leselysta
Verdas bokdag
23.april
Kinsarvik
bibliotek 12 - 16
Sal av brukte bøker
Konkurransar, gratis kaffi og te.

Fotoutstilling
Kinsarvik biblioteket deltok på
bygdekvinnelaget sin foto- og lyrikkveld på Hardangertun 12.april.
Me stiller ut vinnarbileta på biblioteket.
Verdas bokdag vert også feira på
dei fleste skulane.
Kinsarvik
bibliotek:
Det store
påskeegget

Alle born som kjem på biblioteket
før påske kan vera med i
konkurransen om det store
påskeegget.
Kunstprosjekt
med drodlepostkasse
Alle kan drodla ein enkel teikning
og leggja han i postkassa.
Kunstnaren Guro samlar dei inn og
lagar kunstverk.
Utstilling -
Bilete av Guro Øverbye

Onsdag 17.mars
kl. 18
Kunstkafe
Guro Øverbye
fortel om utstillinga og arbeidet som kunstnar.
Utne bibliotek
Torsdag 11.mars
kl. 18
Stadnamn og
dialektkafe med Quiz
Quizmeister er Erlend Trones
1.03.2010

Bibliotekklubben
inviteter til Solfest
på Kinsarvik
bibliotek, onsdag
10.februar
Me les frå
barnebøker, lagar postkort, det blir Donald - Quiz og
kafe med vaflar og gul
saft
Utdeling av
songbøker på Utne og Kinsarvik bibliotek
onsdag10.02.
 |
Ordføraren
deler ut songboka Syng for deg og meg til alle born som er
fødde i 2009.
Dette er eit samarbeid mellom
helsestasjonen og biblioteka.27.01.2010 |
Langs Kvenna
før og no
Mange menn, og
nokre kvinner, møtte opp på dette arrangementet i Kinsarvik, som så absolutt
passa for begge kjønn. Johan Vaa fortalde om ein kanotur langs
Kvenna og fletta inn historiske bilete og forteljingar.27.01.2009
Utlånstoppen
i Ullensvang
Nynorsk
nettleksikon
Akunne - nytt nynorsk
nettleksikon lansert
Allkunne er eit nynorsk digitalt
oppslagsverk. Prosjektet er drive av Allkunne AS, eit selskap
eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Ein
pilotversjon av nettstaden blei opna 26. mai 2009, medan den offisielle
lanseringa var 20. oktober same året på Bryne, i Førde,
Hovdebygda, Oslo og på Ål. Dette må du prøva: http://www.allkunne.no/default.asp
Kjempekoseleg
på Stadnamn og dialektkafe på Utne og i Kinsarvik
Det var vanskelege spørsmål og
stort engasjement blant dei frammøtte på dialektquizenbåde på Utne
og i Kinsarvik. Dette skal me gjera fleire gonger.19.11.2009
Kari Hesthamar
vart årets forfattar i Vikebygdkrinsen
Flittige lesarar i Vikebygdkrinsen
har kåra So long Marianne til den beste boka, les meir om dette
nettsida til Leselysta.
Kinsarvik
bibliotek og Hardangerbiblioteka på Facebook
No er også biblioteket på Facebook.
Tur til Danmark
 |
Eg
har vore på tur til Danmark saman med andre bibliotekarar
frå Hardanger.
Les om Silkeborgbiblioteka
her
|
 |
Them
bibliotek var lite og triveleg. Det spesielle med dette
biblioteket er at det er sjølvbetjent utanom den vanleg
opningstida på 26 timar i veka. Du kan gå på biblioteket
frå 10 - 21 kvar dag med eit spesielt nøkkel og
lånekort.
Them er eit bibliotek i
storkommunen Silkeborg |
Du kan lesa om barnebiblioteket i
Ålborg på barnesidene
våre og sjølvsagt hjå Aalborg
bibliotek
Inger 12.05.2009
Hjå biblioteksvar kan du få svar
på e-post, chat eller sms. Du kan få svar på:
- Korleis finna fram på
Internett
- Faktaopplysingar
- Kjelder til skule- eller
studentoppgåver
- Tips om romaner, noveller e.l.
- Andre ting du måtte lura på
23.03.09
Store norske
leksikon
Store norske leksikon er no lansert
på nett, det er gratis.Du kan også sjølv skriva i leksikonet om
du ynskjer det. Sjå http://www.snl.no/
25.02.09

Les for meg!
Les for meg!-vevsida er ei
ressursside med nynorske tekstar for dei minste. No kan sida by på
ei stor, tematisk lesetipsliste for dei eldste i barnehagen, for dei
yngste i skulen og som gode tips for foreldre. Kanskje noko å kikka
på før vinterferien? 25.02.09
Lesetipsa finn du på www.nynorsksenteret.no/lesetips
Noregs beste
bibliotek ?
Dagbladet og tidsskriftet prosa
skal kåra landets beste bibliotek. Dette kan du vera med å
bestemma: Stem her

Ryddesal
No har me rydda i hyllene og sel
brukte bøker til ein svært rimeleg penge på biblioteka
25.2.2009

Bokdagar på Nå
14. og 15.februar
Vikebygdkrinsen melder om stor
suksess for dette tiltakt, mange møtte opp for å kjøpa bøker.
Laurdag 12
- 16 og sundag 14 - 17, på biblioteket.
Det vert sal av bøker, kaffi og
vaflar
"Vikebygdkrinsen" har motteke ei raus
bokgåve: 1500
bøker, mange tidsskrift og teikneseriar etter dødsboet til Inger
Marie og Vigleik Hamre, det er desse bøkene som no vert selde. Innkomene ved salet vil gå til eit fond der formålet er
kunstnarleg utsykking - eit kunstuttrykk - på Nå.
Nytt år - nye
folk
Elisabeth Emmerhoff
er begynt i 50% stilling ved Ullensvang folkeboksamling frå
nyttår. Ho skal arbeida på Utne tysdagar og torsdagar og i
Kinsarvik måndagar.
Ingvild Kvestad er
å treffa på Utne onsdagar.10.01.2009
Bibliotekplan
Heradsstyret vedtok i desember ny
handlingsplan for ullensvang folkeboksamling.10.01.2009
Julekort
Sjå fine gamle julekort på
Osterøy museum si julekortutstilling
på nett 19.12.08
Jul
i gamle dagar
Eldreveven er ein god nettstad der
du kan finna forteljingar skrivne av eldre folk. Du kan også senda
inn dine eigne historiar. Skriv jul i søkefeltet så får du opp juleforteljingar
frå gamle dagar.
18.12.2008

Leselysta 2008
Nå bibliotek er i gang med
leselysta og skal kåra den beste boka i 2008.Les meir om dette på
sida til leselysta
Bilete frå AS
Kinservik
Kinsarvik
bibliotek onsdag 3.desember
 |
I
samband med markering av arkivdagen viste Per Frode Bu bilete
og fortalde om AS Kinservik. Arkivet til AS Kinservik er
å finna i kommunearkivet.
Mange møtte opp til dette
arrangementet, så me vil prøva å få til liknande
arrangement seinare. 1.12.08 |
Når tussalusi
kviskrar
 |
Inger
Lise Belsvik har
illustrert barneboka "Når tussalusi kviskrar" - ei
bok med dikt av Olav H Hauge tilrettelagt for born.I
bileta kombinerer ho linoleumssnitt og collage og få, men
sterke fargar. Du kan
sjå originalbileta på Utne bibliotek i veke 41 og på
Kinsarvik bibliotek i veke 42 |
Verdsfilm i
biblioteket

I Mangfaldsåret 2008 har Det
fleirspråklege bibliotek (DFB) og Arthaus
inngått ein filmavtale. Avtalen gjer det mogleg for DFB å låna ut
filmar (DVD) til framsyning i folkebiblioteka rundt omkring i
landet. Tilbodet gjeld berre for 2008.
Me kan tilby eit breitt utval av
kvalitetsfilmar frå ulike land og på ulike språk, med norske
undertekstar. Målet er at filmane skal vera ei utviding av det
typisk vestlege filmuniverset, og at filmane skal gje positive
kulturopplevingar, auka forståing og innsikt. Tilbodet er gratis.
Du
kan lesa meir om filmane på nettsidene
til DFB
Me kjem til å visa film i
veke35,39 og 44.
 |
"Francis
Meyers lidenskap" - årets bok i Vikebygdkrinsen
Boka er skriven av Henrik
Langeland.Forfattaren vert invitert til Nå bibliotek for å ta i
mot prisen
13.08.2008
|
Slektsforsking
Om sommaren får biblioteket ofte
besøk av folk som er på leit etter slekta. Er du interessert i
slektsforsking kan det vera god hjelp å henta på nettsidene til Deichmanske
bibliotek
06.06.2008
Strikkekafé på
Kinsarvik bibliotek onsdag 23.april
 |
I
samarbeid med Kinsarvik bygdalag arrangerte me strikkekafé
på Verdas bokdag onsdag 23.april.Godt oppmøte av damer frå
mottaket og svært flinke og hjelpsame damer frå bygdelaget
gjorde strikkekafeen til ein suksess. Mange lærde å strikka
denne kvelden. Arrangementet gav meirsmak, så me sasar på
meir strikking på biblioteket til hausten.25.04.2008 |
Verdas bokdag
vert feira stort på Sekse skule
 |
Sekse
skule feirar Verdas bokdag 23.april med bokkafe. Her kan du
få kjøpt bollar og kaker ved å sei fram eit dikt av Olav H
Hauge.
I tillegg kan du lesa bøker,
høyra bøker og få gode boktips. Til og med teater med
Klatremus og dyra i Hakkebakkeskogen har dei laga til. 23.04.08
|
Suksess for
India på Utne
Det var svært kjekt og interessant
å høyra Reidun R. Mjør fortelja frå India då ho var på Utne
bibliotek torsdag. Mange møtte fram, det blei servert kaffi og
kaker og praten gjekk livleg etter foredraget.
Nye tidsskrift på
biblioteka
I 2008 lanserer Norsk kulturråd ei
prøveordning med innkjøp av allmenne kulturtidsskrift til
folkebiblioteka. Me vil no få desse tidsskrifta i tillegg til dei
me har frå før:
Samtiden, Vinduet, Vagant, Syn og
Segn, Kultmag, Marg, Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift,
Bokvennen, Kunsthåndverk, Z, Nytt Norsk Tidsskrift, Arr,
Fett, Levende Historie og Historie. 09.03.2008
| Song
for deg og meg |
|
 |
Kinsarvik
bibliotek hadde i dag utdeling av songbøka "Song for deg
og meg" til alle nyfødde på austsida. Borna på vestsida vil få boka utdelt på
Utne bibliotek den
19.februar.
18.01.2008 |
Meg og mitt
Dersom du går inn i sidemenyen og
trykkjer på Søk
i katalogen kjem du
til biblioteket sine søkesider. Her kan du søkja blant eit
stort tal bøker og andre dokument. Dersom du finn noko du likar,
kan du også reservera eller bestilla tittelen. Dersom du går til
meg & mitt kan du logga deg inn med lånenummeret ditt, få oversikt
over alle låna dine og fornye desse om du ynskjer det. 14.01.2008
Trådlaust
nett
Biblioteket i Kinsarvik har
trådlaust nett. No kan du ta med din eigen pc på
biblioteket og bruka internett. Tilbodet er gratis.
18.01.2008
Anne B Ragde på
utlånstoppen

Ikkje uventa er det Anne B Ragde si
bok Ligge i grønne enger som ligg på utlånstoppen hjå biblioteka
i Ullensvang i 2007.Hakk i hæl kjem Hjem av Anne Karin
Elstad og som nr. tre Drageløperen av Khaled Hosseini.
Skammarens dotter av Lene
Kaaberbøl har vore mest utlånt av barnebøkene, med Drageherren
1 - 6 av Josefine Ottesen som nr. 2 og Alt annet enn pensum
av Harald Rosenløw Eeg som nr. 3
På filmtoppen har me familiefilmen
Venner for livet, medan Charlie og sjokoladefabrikken er
nr. to og Madagascar nr.3 07.01.2008
 |
|
Barnebokkritikk.no
På nettstaden barnebokkritikk.no
kan du kvar veke lesa nye omtalar av barne- og ungdomsbøker.
Denne nettstaden passar for
ungdom og vaksne som er interesserte i bøker og spesielt for
foreldre, lærarar og slikt. 18.012008
|
Brukte bøker
til sals på biblioteket
På alle biblioteka har me brukte
bøker til sals for 10.-kr pr. bok.
18.012008
Godt nytt år!
07.01.2008

5.desember hadde Kinsarvik
bibliotek juleverkstad
for store og små 14.12.2007
|
|